HeimNyheiterEndra køyremønster i Knarvik sentrum

Endra køyremønster i Knarvik sentrum

Brukar du bil til og frå Knarvik sentrum? Sjå kva omkøyringsmoglegheiter som gjeld ut året.
Publisert: 14.06.2019
Sist endra: 14.06.2019

Måndag 20. mai 2019 startar eit omfattande vegarbeid i Knarvik sentrum.

Bygginga er ein del av det store arbeidet med å byggje byen Knarvik, eit sentrum for nye Alver kommune og regionen Nordhordland.

Kva skjer når?

Vi startar arbeidet på tre plassar:

  • Vi utbetrar Kvassnesvegen frå krysset ved Bruvegen til avkøyringa inn til legevakta.
  • Vi byggjer ein ny rundkøyring der avkøyringa til Knarvik senter er i dag.
  • Vi flyttar skysstasjonen til motsett side av E39.

Skysstasjonen på nedsida av E39 blir open som vanleg medan vi byggjer den nye framfor Knarvik senter. Vi kjem tilbake med meir informasjon om flyttinga, men reknar med at den nye skysstasjonen er klar i oktober/november.

Når vi har utbetra den nedste delen av Kvassnesvegen, jobbar vi oss oppover mot Shell-stasjonen ved E39. Alt arbeidet skal vere ferdig i løpet av 2020.

Følg skilta

Det vil variere kva vegar som er stengt på sørsida av E39 medan arbeidet pågår. Det generelle rådet til alle sjåførar er difor å vere merksame på og følgje skilta som er sett opp.

Alternative omkøyringsvegar er:

  • Bruvegen
  • Strandvegen

Har du spørsmål?

Send spørsmåla dine til e-post-adressa teknisk@lindas.kommune.no eller ring kundesenteret på 56 37 50 00 og be om å få snakke med nokon på vegavdelinga.

Hastar det? Ja, då når du oss på vakttelefonen til vegavdelinga.

Trykk her for å gå til sida med nummer til vakttelefonane våre.