HeimAktueltNyheiterEkstra vassmålaravlesing før 25. oktober

Ekstra vassmålaravlesing før 25. oktober

Har bedrifta di, laget ditt eller garden din digital avlesing av vassmålarkort?
Publisert: 09.10.2019
Sist endra: 09.10.2019

Vi har bytta system i samband med overgangen frå Lindås til Alver kommune, og kan ikkje ta imot digital avlesing av vassmålarkort.

Alle som normalt har digital avlesing får difor ein ferdig frankert svarslipp, som dei må returnere til kommunen innan 25. oktober.

Denne informasjonen gjeld berre dei som har fått brev frå kommunen.

Veldig få privatpersonar har eigen vassmålar. Dei som må gjere ein jobb og melde inn vassforbruket sitt er bedrifter, lag og organisasjonar og bønder. 

Slik les du av vassmålaren din

Telleverket på målaren din har åtte siffer – fem svarte og tre raude. Du skal berre lese av dei første (svarte) fem siffera.

Har vassmålaren din berre fire kvite felt? Då startar du avlesinga med 0 framfor dei fire neste siffera.