HeimNyheiter1 470 000 kroner til næringslivet i Lindås kommune

1 470 000 kroner til næringslivet i Lindås kommune

– Det er ei spanande næringsutvikling vi ser i Lindås kommune no. Fleire av prosjekta som har fått støtte er innanfor det grøne skifte med fokus på ny miljøteknologi, fornybar- og sirkulærøkonomi, fortel næringssjef Tanja Hoel. Ho legg til at det er viktig at kommunen har økonomiske midlar som kan fremje næringsutvikling i kommunen og vonar at næringsfondet vil bli vidareført inn i Alver kommune.

Næringsfondet i Lindås kommune er eit verkemiddel for å fremje, styrke og profilere næringsliv og sysselsetting i kommunen. Næringsfondet skal og styrke kommunen sitt arbeid med Næringsutvikling. Det kom i år inn totalt 14 søknader, 11 av dei fekk løyvingar frå Næringsfondet.


Sirkulær økonomi for berekraftig næringsutvikling

Eit av prosjekta som fekk støtte var eit fellesprosjekt mellom kommunen, Industriutvikling Vest og Nordhordland Næringslag med fokus på sirkulær økonomi. Sirkulasjon av ressursane, gjennom resirkulering, reparasjon og materialgjenvinning, vil kunne redusere klimafotavtrykket frå forbruk, ved at ressursar blir nytta meir effektivt, brukt på nytt og transportert kortare.

– Lindås kommune har i dag fleire sentrale private og offentlege aktørar som arbeider med å produsera «grøne løysingar» innanfor ein sirkulær økonomi, seier Hoel. Ho legg til at målet med dette prosjektet er å leggje grunnlaget for at næringslivet i Lindås og Alver kommune skal vere godt rusta til å møte det "grøne" skiftet, mellom anna ved å skapa nye grøne arbeidsplasser og berekraftig samfunnsutvikling i heile kommunen.


Sist oppdatert: 23.05.2019
Publisert: 23.05.2019