Vassverka våre

Hovudmålet til VA-avdelinga i Lindås kommune, er å sikre at innbyggjarane får nok reint vatn, og at vi har nok vatn til å sløkkje eventuelle brannar.

Nettleseren din støtter ikke visning av iframe. <a href="http://nordhordland.avinet.no/default_embed.aspx?id=Y3B42RjH5e2frmf" target="_blank">Du kan se innholdet i rammen her</a>

Om lag 65 prosent av innbyggjarane i kommunen får drikkevatn frå eitt av dei fem kommunale vassverka våre:

  • Storavatn vassverk er hovudvassverk og leverer vatn til abonnentar i dei folkerike delane av kommunen: Knarvik, Alversund, Hundvin, Lindås, Leknes, Fyllingsnes, Eikanger, Eknes, Ostereidet og dei store industriområda på Mongstad og Mongstad Sør. I tillegg forsyner Storavatn vassverk store deler av Austrheim kommune og mange installasjonar i Nordsjøen.
  • Sjauset reservevassverk til Storavatn og kan forsyne Storavatn sitt området i ein akutt situasjon.
  • Kløve vassverk forsyner områda Kløve, Tveitegrend, Vangen, Jordal og Myking.
  • Rotavatn vassverk forsyner Risa og Hope, men er også ei viktig reservekjelde for vassforsyninga mot Mongstad.
  • Vike vassverk forsyner Vike og Vikanes

Det er ikkje lov å forureine vasskjeldene (og tilsigsområda) som vert nytta til drikkevatn. Det er difor viktig at publikum følgjer retningslinene til kommunen. Les og følg det som står på informasjonstavlene ved vatna!

Web levert av CustomPublish