Tilskott til kjøp av bustad

Målet med dette tilskotet er å sikre at vanskelegstilte kan kjøpe eigen bustad eller fortsetje å bu der dei bur.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Kva får du?

Kommunen avgjer kor stort tilskot du får etter ei vurdering av situasjonen din.

Krav til søkjar

Tilskotet skal vere ei hjelp til:

  • Deg med varig låg inntekt.
  • Deg som ikkje er i stand til å lånefinansiere bustaden fullt ut.

Ordninga prioriterer dei med størst utfordringar. Etterspurnaden etter tilskot er stor. Prioriteringar av søknadane vil variere frå kommune til kommune.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få handsama søknaden om tilskot til etablering.

Slik søkjer du

Før du søker, ta kontakt med bustadkontoret i Lindås. Vi kan hjelpe deg med å finne ein eigna bustad og gi informasjon om ulike moglegheiter for finansiering. Vi kan også gi informasjon om andre støtteordningar, til dømes bustøtte og startlån. Begge desse ordningane kan du lese meir om her på heimesida til kommunen.

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for tilskot til kjøp av bustad.

Fyll ut søknaden, signer og send skjemaet til:

Lindås kommune
Bustadkontoret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Du kan også levere skjemaet i ekspedisjonen på rådhuset. Sidan søknaden din kan innehalde sensitivie opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

Web levert av CustomPublish