Spesialpedagogisk hjelp 0-6 år

Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp, om barnet ditt treng ekstra hjelp, støtte og rettleiing. Retten gjeld uavhengig av om barnet ditt går i barnehage eller ikkje.

Kva får du?

  • Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
  • Vi kan gi hjelpa enkeltvis eller i gruppe.

Krav til søkjar

Barnet ditt må vere mellom 0-6 år.

Barn i skulealder kan også søkje om spesialundervisning. Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for elevar i grunnskulen.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva seier lova?

Trykk her for å lese meir om retten til spesialpedagogisk hjelp i barnehagelova § 19a.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp heile året.

Slik søkjer du

  • Før du søkjer må PP-tenesta skrive ei sakkunnig vurdering med utgreiing og tilråding.
  • Deretter må du som forelder eller føresett sende ein søknad om spesialpedagogisk hjelp til kommunen.
  • Kommunen gjer eit enkeltvedtak.
  • Det er kommunen som er ansvarleg for å gje den spesialpedagogiske hjelpa uavhengig av om barnet har plass i kommunal eller privat barnehage.

Trykk her for å gå til vårt elektroniske søknadsskjema for spesialpedagogisk hjelp.

 

Web levert av CustomPublish