Telefon: 48868611, 56375042

SFO-ved Myking skule

Formål

I samsvar med Opplæringslova § 13-7 er SFO  ”eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1. – 4. årssteg”.

Lindås kommune formulerer slikt formål i vedtektene :

Skulefritidsordninga skal gje elevane i 1. –4. årssteg eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Ein skal leggja vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring der borna m.a. får ta ansvar for kvarandre og for felles oppgåver.

SFO skal stimulera born til å bruka og utvikla evner og anlegg og i samarbeid med heim og skule gje dei eit godt grunnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

                                                                                                                                      

Elevar i 5. årssteg kan og ta del dersom dei ikkje utløyser ekstrakostnader og dersom det er ledige plassar.

 

OPNINGSTIDA FOR SFO VED MYKING SKULE:

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

7.30 – 8.30

7.30 – 8.30

07.30-16.30

7.30 – 8.30

7.30 – 8.30

14.30 – 16.30

14.30 – 16.30

14.30 – 16.30

14.30 – 16.30

 

For å få til ei drift i best mogeleg samsvar med dei kommunale vedtektene, tek me atterhald om at det kan verta aktuelt å avgrensa opningstidene ut frå dei behova som påmeldingane viser.

 

Opptak

Heimen må senda søknad til skulen om SFO-plass. Opptak skjer etter vedtektene lokalt ved den enkelte skulen.

Barn som får plass i SFO er påmelde inntil dei sluttar i 4. klasse, eller til aktiv oppseiing ligg føre.  (Dei som har fast plass i SFO og som ønskjer same opphaldstid, treng ikkje senda ny søknad).

SFO ved Myking skule følgjer skuleruta (i ferier er det mulig å bruke Lindås SFO)

Innanfor desse rammene kan foreldra fritt velja kva tid og dagar barnet skal ta del i SFO.

Minstekrav for deltaking er 6 timar pr.veke, d.v.s. at om ein elev deltek mindre, må ein likevel betala for 6 timar.

Born i 1. til 4. klasse må vera innmeldt i skulen sin SFO for å vera på skulen utanom skuletida sidan skulen har tilsynsansvar for så små born så lenge dei er på skulen sitt område utan føresette sitt tilsyn. ( 8.30-14.30 alle skuledagane.)

 

Web levert av CustomPublish