Inger Marie Jordal er nytilsett ingeniør på eigedomsavdelinga til Lindås kommune.

Inger Marie Jordal er nytilsett ingeniør på eigedomsavdelinga til Lindås kommune. Picasa

Fann utfordring i kommunen

Nærleik til heimen på Meland og nye oppgåver, lokka ein byggingeniør frå det private næringslivet til Lindås kommune.

Inger Marie Jordal er nytilsett prosjektleiar på eigedomsavdelinga til Lindås kommune. Som ingeniørar flest, landa ho raskt i det private næringslivet etter endt utdanning i 2008.

I 3,5 år var ho rådgjevande ingeniør for konsulentselskapet Sweco. Seinare vart ho prosjektleiar i Waldegruppen. Då selskapet gjekk konkurs, var målet å skaffe seg ein jobb i nærleiken av Meland – der ho bur med mann og to små barn.

– Eg visste lite om det å jobbe i ein kommune, men hadde eit godt inntrykk av Lindås som arbeidsstad, fortel Inger Marie.

Ho var nysgjerrig på det å jobbe i skjæringspunktet mellom politikk og administrasjon – og var snar med å takke ja, då eigedomssjef Therese Braseth ønskte velkommen om bord.

Rikt mangfald

Då Inger Marie starta i Lindås våren 2014, vart ho del av eit stort fellesskap. Ho har 1500 kollegaer, og jobbar for det som er den største arbeidsgjevaren i Nordhordland.

Dette gir nokre faglege og sosiale moglegheiter – heilt unike for tilsette i ein kommune.

– Mange får ei aha-oppleving, når det går opp for dei kva dei kva moglegheiter det gir å jobbe i ein kommune. Tenk berre på alle tenestene ein kommune leverer! Vi tilset folk som kan undervise, byggje vegar, pleie eldre og sjuke, vedlikehalde bygg. Knapt nokon andre verksemder har ansvarsområde som femner så breitt og er så varierte, seier personalsjef Helge Tangen.

Sjølv er han stolt over å jobbe i Lindås kommune, og hentar mykje inspirasjon i møte med kollegaer frå andre fagfelt – på ulike nivå i kommunen.

Fokus på innbyggjarane

Som prosjektleiar i Eigedomsavdelinga til Lindås kommune, har Inger Marie tett kontakt med fleire avdelingar i kommunen. Ho har mellom anna ansvar for ombygging og rehabilitering av Alversund barneskule, Storstova på Leiknes, rehabilitering av fasaden til Lindås ungdomsskule og opprusting av Lindås idrettanlegg.

– Oppgåva mi er å planlegge og prosjektere arbeida i samarbeid med brukarane og innleigde konsulentar, lyse ut anboda og følgje opp prosjekta i byggjefasen, fortel Inger Marie.

Den store skilnaden på arbeidet ho gjer no, kontra arbeid i private bedrifter – er fokuset på økonomi.

– I privat sektor, var målet å tene mest mogleg pengar. Her er jobben å forvalte pengane som er sett av til ulike prosjekt – til det beste for innbyggjarane i kommunen! Det inspirerer meg, seier Inger Marie.

Felles mål

Kvart år rekrutterer personalavdelinga til Lindås om lag 200 nye kvinner og menn til ulike stillingar i kommunen. Mange av desse er innom eit kurs for nytilsette, der målet er å vise mangfaldet og auke forståinga for det å jobbe i ein kommune.

Ein sentral bodskap denne dagen, er at alle tilsette i kommunen, anten dei vaskar golv eller leiar arbeidet med ein ny skule, har ei felles utfordring! Utfordringa er å skape ein best mogleg kommune for innbyggjarane.

Dette er eit bakteppe Inger Marie trivst godt med.

– Oppgåvene er varierte og utfordrande, men eg har gode kollegaer som er lette å spørje om hjelp. Det betyr mykje! Kjekke kollegaer har alt å si for å trives – og eg trivst godt i Lindås kommune, avsluttar Inger Marie.

 

Bli med på laget, du også! Søk jobb i Lindås kommune.

Trykk på denne lenka for å sjå kva stillingar som er ledige i kommunen vår no.

Web levert av CustomPublish