Planavgrensing for planendringa

Planavgrensing for planendringa

Melding om oppstart av planarbeid - endring av områdeplan for Lonelva-Juvikvarden, Knarvik

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, og vedtak i Plan- og miljøutvalet den 26. april 2017 - sak 043/17 - vert det med dette varsla oppstart av planarbeid for å endre delar av gjeldande områdeplan for Lonelva - Juvikvarden i Knarvik. Arealplan-ID er: 1263-200904.

Endringa omfattar arealet som er avsett til ny barneskule, inkludert tilførselsvegar, i den gjeldande planen. Anna areal innanfor planområdet vil ikkje verte omfatta av planendringa.

Føremålet med endringa er å legge til rette for ny Knarvik barneskule med integrert fleirbrukshall. Endringane vil i hovudsak omfatte byggegrense, utnyttingsgrad, byggehøgd og vegtilkomst inn til skuleområdet.

Endringa er vurdert å ikkje vere konsekvensutgreiingspliktig, og det vil såleis heller ikkje vere krav om planprogram.

Vi varslar også med dette at det vert søkt om byggeløyve for ny Knarvik barneskule parallelt med planarbeidet, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-15. Det vert ikkje sendt ut nytt nabovarsel i samband med byggesøknaden.

Vi informerer om at det truleg vil verte høyring og offentleg ettersyn av planarbeidet i sommar. Kommunen tek utgangspunkt i at planen vil verte handsama politisk i slutten av august, og må difor halde på 6 vekers merknadsfrist i sommarmånadane.

Saksdokumenta er å finne på kommunen sine heimesider, og på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/ Søk på plan‐id 1263‐200904 og sjå under dokumenter.

 

Frist for å kome med innspel og merknader til planarbeidet er 20. mai 2017, og kan sendast til:

 

Lindås kommune, Plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema, eller via e-post til: postmottak@lindas.kommune.no

 

I samband med oppstart av planendringa, inviterer kommunen til folkemøte i Nordhordlandshallen måndag 8. mai kl. 18.

Web levert av CustomPublish