Utdanningsdirektoratet har innvilga Lindås kommune sin søknad om å bli språkkommune.

Utdanningsdirektoratet har innvilga Lindås kommune sin søknad om å bli språkkommune.

Lindås blir språkkommune

Barnehagane og skulane i Lindås kommune skal samarbeide tettare og jobbe mot felles mål for å auke lese- og skriveferdigheitene til barn og unge i kommunen.

– Vi jobbar allereie med språk i både barnehagane og skulane våre. Dette gir oss endå eit løft, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

Lindås kommune ønskjer å bruke dei ekstra ressursane til å etablere ein felles praksis. Kommunen skal lage ein språkstrategi som seier korleis kommunen skal jobbe med tilbodet til barn i barnehagane og elevar i grunnskulen. Hovudmålet er å auke lese- og skrivekompetansen.

– Vi veit at språkopplæringa i barnehagane heng saman med lese- og skrivekompetansen i skulen. Vi har mykje å vinne på å starte tidleg, seier kommunalsjef Moe.

Barnehagane får difor ei sentral rolle i satsinga. Samarbeidet mellom barnehagane og skulane blir også viktig. Dersom kommunen skal lukkast er det viktig at dei tilsette i barnehagane og skulane kjenner til kvarandre sitt arbeid – og klarar å samlast om felles mål.

Språkkommunar er ein del av språksatsinga til regjeringa. Dei første språkkommunane starta opp i fjor. No har Utdanningsdirektoratet valt ut 28 nye kommunar, mellom 38 søkjarar. I Hordaland blir Lindås kommune ein av fem språkkommunar. Dei andre språkkommunane i Hordaland er Stord, Fjell, Bømlo og Sveio.

Språkkommunane får tilskot til å etablere og drifte lokale faglege nettverk for lærarar og barnehagelærarar. Kommunane får også tilskot til delvis frikjøp av ressurslærarar og får i tillegg fagleg støtte undervegs frå Lesesenteret og Skrivesenteret.

Web levert av CustomPublish