Leksehjelp.

Lindås kommune har vedteke å gje gratis leksehjelp i inntil 3 timar for veka for elevar på 5. , 6.  og 7. årssteg.r.

Deltaking på leksehjelp gjev ikkje rett på skyss, men det går det rutebuss klokka 15.30  frå Myking via Skauge til Lindås.

Skulen sender ut nærare informasjon om skulensi leksehjelpordning med moglegheit for påmelding straks etter skulestart i haust. Leksehjelpa er berre for dei som er påmeld og er ikkje undervisning, men pedagogar har ansvaret. Skulen sine ordensreglar gjeld også i leksehjelpstida.

Skulen si leksehjelpsordning passar ikkje for alle typar lekser. Lekser som krev ro og øving/pugging bør gjerast heime i samarbeid med føresette (t.d.  høyring av leselekser og glosar, lese øvingar med tempolex, pugging av rekne og rettskrivingsreglar, gangetabellar og liknande). 

Web levert av CustomPublish