Korleis ser kommunegrensene ut i Nordhordland i framtida?

Korleis ser kommunegrensene ut i Nordhordland i framtida? Picasa

Kommunereform i Nordhordland

Hausten 2014 vart alle norske kommunar invitert til å delta i ei omfattande reform, der målet er å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar.

Kommunestruktur har stått på agendaen til dei folkevalde i Lindås og regionrådet for Nordhordland i fleire år. I Lindås har politikarane gjort ei rekkje vedtak om kommunesamanslåing. I tillegg har regionrådet bestilt ein del utgreiingar og analysar, som er svært relevante for den vidare prosessen.

Trykk her for å gå til sida med rapportar frå Nordhordland.

Radøy, Meland og Lindås har blitt einige om ein intensjonsavtale. Denne vart lagt fram på Nordhordlandstinget 28. januar. Der vart dei andre kommunane invitert til å delta i vidare forhandlingar for å sjå om der er grunnlag for ein kommune i Nordhordland. 1. mars signerte alle dei åtte kommunane i regionen ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing. 

Trykk her for laste ned intensjonsavtalen til alle kommunane i Nordhordland.

Etter folkerøysting og innbyggjarhøyring i alle kommunane, viste det seg at det ikkje var grunnlag for å gå vidare med alternativet for alle i Nordhordland. Lindås, Meland og Radøy gjekk difor vidare med avtalen dei signerte i slutten av januar 2016, og har justert avtalen noko etter innspel i høyringsperioden.

Trykk her for å laste ned intensjonsavtalen til Lindås, Meland og Radøy.

Trykk her for å laste ned søknaden om å slå saman Lindås, Meland og Radøy.

Kva skjer vidare?

  • Sommaren 2016: Kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy gjer endeleg vedtak om samanslåing onsdag 22. juni 2016.
  • Sommaren 2016: Får framlegget til intensjonsavtale fleirtal, sender kommunane ein formell søknad om kommunesamanslåing. 
  • Hausten 2016: Fylkesmannen i Hordaland kjem med ei sjølvstendig vurdering av kommunestruktur i Hordaland, basert på målsettinga til reforma, innan 1. oktober 2016.
  • Våren 2017: Regjeringa skal leggje fram forslag til ny kommunestruktur og regionstruktur våren 2017.
  • Nyåret 2020: Alle samanslåingar som blir vedtatt av Stortinget vil som hovudregel tre i kraft 1. januar 2020.

Nytt inntektssystem

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har høyring på eit forslag til nytt inntektssystem. Det nye systemet vil påverke økonomien til kommunane.

Nordhordland Utviklingsselskap har laga eit notat om kva konsekvensar endringane kan få for kommmunane i Nordhordland.

Trykk her for å laste ned notatet om konsekvensar av nytt inntektssystem.

Web levert av CustomPublish