Jobb i Lindås kommune

Her kan du sjå kva ledige stillingar vi har i Lindås kommune. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Lindås annonserer stillingane sine i lokalavisa Nordhordland, i Bergens Tidende, på Finn.no og her på heimesida til kommunen. Oversikt over ledige stillingar finn du ved å gå inn på lenka nedst på denne sida.

Vil du søkje ein av dei ledige stillingane i Lindås kommune? Merk følgjande:

  • Alle søkjarar vert oppmoda til å nytte det elektroniske søknadskjemaet . Er du er førstegongssøkjar, må du sjølv oppretta brukarnamn og passord for å logge deg inn. Treng du hjelp til registreringa, kan du ta kontakt med personalavdelinga i kommunen på telefon 56 37 51 82.
  • Attestar og vitnemål tek du med til eit eventuelt jobbintervju.
  • Vi gjer merksam på namn på søkjarar kan bli gjort kjent gjennom offentleg søkjarliste.

Kjem du ikkje inn på oversikta over dei ledige stillingane?
Ring ekspedisjonen på rådhuset på 56 37 50 00, og be om å få snakke med ein rådgjevar på personalavdelinga.

Verkar ikkje det elektroniske søknadsskjemaet?
Vi føretrekkjer at du sender ein elektronisk søknad! Verkar ikkje systemet slik det skal, ring 56 37 50 00 og be om å få snakke med ein av sakshandsamarane våre på personalavdelinga. 

Lykke til!

OBS: Det er vedlikehald på systemet vårt i dag, torsdag 23. februar. Lenka under verkar difor ikkje før i morgon.

Gå til ledige stillingar og søknadsskjema

Web levert av CustomPublish