HjemHelse, sosial og omsorgIndividuell plan, koordinator og barnekoordinator

Individuell plan, koordinator og barnekoordinator

Tenesteskildring for individuell plan


Har du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, kan du ha du rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du ønskjer det. Planen skal sikre at du får eit heilskapleg tenestetilbod tilpassa deg.

Slik søkjer du:

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjema for individuell plan og koordinator
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for individuell plan og koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til:

 

Kva kostar det?

Individuell plan er gratis.

Kva får du?

  • Du vil få ein individuell plan og ein koordinator
  • Den individuell planen vil bli tilpassa dine behov og utarbeidd saman med deg
  • Den individuell plan sikrar deg eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • Den individuelle planen styrkar samhandlinga mellom deg og tenesteytarane
  • Koordinatoren vil sørge for framdrift i arbeidet med individuell plan og at planarbeidet er koordinert med andre tenesteytarar

Krav til søkjar

  • Du må ha behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstjenester
  • Behovet for tenester treng ikkje vere varig, men må strekke seg over ei viss tid
  • Du må ha behov for to eller fleire helse- og omsorgstenester
  • Det er behov for å planlegge og koordinere tenestene du treng


Kva skjer vidare med søknaden din?

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for individuell plan vil forvaltningskontoret ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator og utarbeide individuell plan saman med deg.

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar

Kontakt oss

Systemkoordinator for koordinerande eining er organisert under forvaltningskontoret.

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

 

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak, eller tilbodet du får.

 

Tenesteskildring for koordinator

Har du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, kan du ha du rett til å få oppnemnd koordinator dersom du ønskjer det. Koordinatoren skal sikre at du får eit heilskapleg tenestetilbod tilpassa deg.

Slik søkjer du

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjema for individuell plan og koordinator
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for individuell plan og koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til:

 

Kva kostar det?

Koordinator er gratis.

Kva får du?

  • Du vil få ein koordinator som sørger for oppfølging av deg og samordning av ditt tenestetilbod
  • Ved behov vil koordinator saman med deg opprette ei ansvarsgruppe for tenesteytarane
  • Du kan få koordinator, sjølv om du ikkje ønskjer å ha individuell plan

Krav til søkjar

  • Du må ha behov for to eller fleire helse- og omsorgstenester
  • Du har behov for komplekse eller langvarige tenester
  • Det er behov for å koordinere tenestene dine


Kva skjer vidare med søknaden din

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for koordinator vil forvaltningskontoret ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator til deg.
Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kontakt oss

Systemkoordinator for koordinerande eining er organisert under forvaltningskontoret.

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

 

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak, eller tilbodet du får.

 

Tenesteskildring for barnekoordinator

Har du eller venter du barn med langvarige og store hjelpebehov, kan du ha du rett til å få oppnemnd barnekoordinator dersom du ønskjer det. Barnekoordinatoren skal vere familien og dei ulike tenestene sin kontaktperson og ein nøkkelperson i arbeidet med å sørge for at familien og barnet får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod. Barnekoordinatoren skal saman med familien arbeide for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet. Familien treng ikkje sjølv gjennomføre nødvendige aktivitetar for å sikre eit koordinert tenestetilbod, dersom familien ikkje ønskjer det.

Slik søkjer du:

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjema for individuell plan og koordinator
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for individuell plan og koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til:

 

Kva kostar det?

Barnekoordinator er gratis.

Kva får du?

Barnekoordinatoren skal sørge for:

  • Koordinering av det samlede tjenestetilbudet
  • Å ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunens ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet i form av tilbud om eller ytelse av helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester
  • At familien og barnet får nødvendig informasjon og helhetlig veiledning om helse- og omsorgstjenestetilbudet
  • At familien og barnet får nødvendig informasjon og helhetlig veiledning om andre velferdstjenester og relevante pasient- og brukerorganisasjoner, at familien og barnet gis veiledning i deres kontakt med disse, og at det formidles kontakt eller henvisning videre til slike tjenester eller organisasjoner
  • Fremdrift i arbeidet med individuell plan for dei som har dette

Kommunens plikt til å oppnemne barnekoordinator gjeld fram til barnet har fylte 18 år.


Krav til søkjar

  • Familien må ha eller vente barn med alvorlig sykdom, alvorlig skade eller alvorlig nedsatt funksjonsevne
  • Barnet har eller vil få behov for helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester (dvs. barnehage, skole, ytelser fra NAV osv)
  • Barnet må ha behov for langvarige tenester, samt at tenestene må være sammensatte eller ha behov for koordinering.
  • Foresatte eller barnet sjølv ønskjer barnekoordinator

Kva skjer vidare med søknaden din?

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for barnekoordinator vil forvaltningskontoret ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein barnekoordinator til deg.

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kontakt oss:

Systemkoordinator for koordinerande eining er organisert under forvaltningskontoret.

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak, eller tilbodet du får.

 


Sist oppdatert: 02.03.2023
Publisert: 12.07.2018