Informasjonsbrosjyre om Lindås

Den nye informasjonsbrosjyren vår er ei gåve til innbyggjarar, næringslivet og tilsette i kommunen! Her får du møte fleire familiar, som fortel korleis det er å bu, jobbe og leve i Lindås.

Brosjyren gir deg ein smakebit av kommunen som vi er stolte av – og glade i! Her får du møte fleire familiar og kan lese kva som gjer at dei har valt å busetje seg der dei bur.

Du får også eit innblikk i delar av næringslivet vårt, lese om jobbmoglegheiter i Lindås kommune og bli kjent med nokre av dei mange fritidstilboda som finst i kommunen.

Knarvikmila har sjølvsagt fått plass, det same har Hillesvåg ullvarefabrikk og ei historie frå korpsmiljøet i kommunen. Og så har sjølvaste humørbonden Geir Styve frå Hjelmås delt sine tankar kring kva det vil seie å vere ein stril.

Vi håpar at du vil lese og bruke brosjyren aktivt – anten du er innbyggjarar, bedriftsleiarar, politikarar eller tilsett i kommunen. Vær så god – brosjyren er di!

Ønskjer du å bla i brosjyren på nett eller dele han i sosiale medier?

Bruk denne lenka: www.visbrosjyre.no/Lindaas_kommune/WebView/

Ønskjer du å vise brosjyren på storskjerm?

Bruk denne lenka: www.visbrosjyre.no/Lindaas_kommune/WallView/

Ønskjer du å leggje brosjyren inn i e-post-signaturen din?

Bruk denne lenka: www.visbrosjyre.no/Lindaas_kommune/MailView/

 

Web levert av CustomPublish