Historiske attraksjonar

Håkonshaugen på Seim

Håkonshaugen er eit historisk gravminne etter Håkon den Gode som var konge frå omlag år 933 til år 960. Haugen var mykje øydelagd før han vart arkeologisk undersøkt i 1879 og i 1958.  Tre ulike sogeskrifter fortel at Kong Håkon Den Gode blei gravlagt på Seim. Harald Hårfagre og Eirik Blodøks har truleg hatt kongsgarder her. Det årlige historiske Håkonarspelet har gjennom årene blitt arrangert på Håkonshaugen.

Trykk her for å lese meir om Håkonshaugen. 

 

Spurkeland Vikingard

Spurkeland Vikingard har både arrangement, aktivitetstilbod og utsmykking på garden med tydeleg kontur av å vere vikinglandemerket. På garden er det og to vikingskip, som kan leigast om sommaren.

Trykk her for å lese meir om Spurkeland Vikingard. 

 

Hillesvåg Ullvarefabrikk

Fabrikken har siden 1898 produsert karda ull og garn, kjent under merkenamnet Hifa. I fabrikkutsalget/designbutikken kan du kjøpa norske strikkeplagg, åklær, ullundertøy, sokkar, filttøflar, ullpledd, kardea ull til toving og garn til strikking, hekling og veving.

Trykk her for å lese meir om Hillesvåg Ullvarefabrikk.

 

Lindås Sjøsluser

Stod klar til bruk i 1908, og er i dag eit flott sjøkulturminne som kan opplevast frå båt. Fungerer i dag som ein kanal mellom Lurefjorden og Lindåsosane og er hovudleia inn til bygdene Lindås, Vågseidet og Ones.

Trykk her for å lese meir om Lindås Sjøsluser og Lindåsbygda. 

 

Web levert av CustomPublish