Vi inviterer til ny dugnad mot brunsnigelen! Her er eit bilete frå utdelinga i fjor.

Vi inviterer til ny dugnad mot brunsnigelen! Her er eit bilete frå utdelinga i fjor.

Hent din pose med Nemaslug!

Onsdag 7. juni deler vi ut middelet som skal ta knekken på brunsnigelen.

I august 2015 inviterte Lindås kommune til storstilt dugnad for å redusere talet på brunsniglar i kommunen. Vi gjentok suksessen i april 2016.

No har vi bestilt eit nytt parti med middelet Nemaslug – og inviterer til ny dugnad. Dette blir det tredje og siste året med gratisutdeling.

Utdelinga skjer over same lest som tidlegare år. Vi deler opp partiet og køyrer ut middelet til fire plassar i kommunen.

Utdelinga startar klokka 18.00 onsdag 7. juni på følgjande fire plassar:

  • I Nordhordlandshallen i Knarvik
  • I gymsalen på Alversund skule
  • I Lindåshallen på Lindås
  • I idrettsbygget på Ostereidet

Det er berre ein pose per hushald! Klarar du ikkje å kome deg til ein av dei fire plassane på utdelingsdagen, kan du alliere deg med ein nabo eller ein du kjenner. Då må du utruste hjelparen din med eit løyveskjema.

Du som hentar kan berre ta med Nemaslug for to naboar/kjende i tillegg til deg sjølv.

Trykk her for å laste ned skjemaet som gir andre lov til å hente Nemaslug for deg.

Trykk her for å laste ned oppskrifta (Kannibalmetoden) for bruk av Nemaslug.

 

Tar du utforddringa?

Vi set stor pris på engasjementet og ønskjer alle lykke til med felles dugnad for ein kommune med mykje hageglede – og lite brunsnigel!

Web levert av CustomPublish