Bruk og sal av fyrverkeri

Om privat bruk

Fyrverkeri er normalt tillate på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 til 02.00.

Skal du sende opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkje brannvesenet om lov. Du må søkje minimum to veker før avfyringsdato.

Slik søkjer du

  1. Send søknaden på e-post til brannsjef Karl Johannes Romarheim: karl.johannes.romarheim@lindas.kommune.no
  2. Dersom søknaden din blir godkjend, blir han send vidare til politiet, som tar den endelege avgjerda.

Regelverket tillèt utvida bruk av fyrverkeri etter søknad så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredje person eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som taler imot eit slikt løyve.

I Lindås kommune kan brannsjefen gi løyve til å bruke fyrverkeri:

  • ved større runde bursdagar eller tilsvarande jubileum
  • ved opning av arrangement eller i tilknyting til dette
  • når vêrmessige forhold ligg til rette
  • når bruken skjer ved lokale der det kan forventast at slike løyve blir godkjende, til dømes forsamlingshus eller hotell
  • dersom bruken blir lagd til ei privat adresse som ikkje ligg i tettbygd strøk
  • når naboar blir varsla på førehand

På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekne med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.

Du som bruker fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar, pliktar å følgjer retningslinjene og bruke dette på ein måte som sikrar at det ikkje blir skade på personar eller omgivnadene.   

Om sal av fyrverkeri

Alle bedrifter som ønskjer å selje fyrverkeri  eller pyroteknisk vare i tida 27.–31. desember i butikken si ordinære opningstid, må sende inn søknad til brannvesenet innan 1. mai.

Du må leggje ved løyve frå eigar av bygningen, aktuelle skjema og kursbevis. Kursbeviset kan ikkje vere eldre enn fem år. Ved lagring av inntil 250 kg fyrverkeri, må du sende særskild søknad.

Søknaden sender du til:

postmottak@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish