Formannskapet

Formannskapet er sett saman av 11 medlemmar frå kommunestyret.

Her kan du sjå når formannskapet har møter, laste ned sakskart og protokollar og finne kontaktinformasjon til alle medlemmer og varamedlemmer.

Kontaktinformasjon til medlemmene finn du under lista med møtedatoar.

Formannskapet har politiske samordningsoppgåver, og handsamar mellom anna forslag til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Formannskapet gir endeleg vedtak i saker der dei har delegert mynde frå kommunestyret. I andre saker gir dei ei innstilling til kommunestyret.

Formannskapet har delegert mynde til å ta endeleg avgjerd når det gjeldt tildeling av midlar frå næringsfond, alkohol og skjenkesaker og hastesaker kor ein treng gjera eit vedtak så raskt at ein ikkje rekk kalla inn kommunestyret.

Normalt har formannskapet møte to eller tre veker før eit kommunestyremøte. I tillegg kjem ekstramøte i samband med handsaming av budsjett, økonomiplan og andre tyngre saker.
 

 

Web levert av CustomPublish