Vi inviterer til festkonsert for Eikanger-Bjørsvik Musikklag fredag 19. mai i Knarvik kyrkje.

Vi inviterer til festkonsert for Eikanger-Bjørsvik Musikklag fredag 19. mai i Knarvik kyrkje.

Festkonsert for gullet vårt!

Vi drar på med festkonsert for europameistrane i Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Ikkje la denne sjansen gå ifrå deg - 19. mai i Knarvik kyrkje.

Vi klarar ikkje å dy oss. Vi må berre invitere til festkonsert for europameistrane frå Lindås kommune, Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Stad: Knarvik kyrkje
Tid: Fredag 19. mai frå klokka 19.00 til 21.00
Program: Korpsmusikk (EBML spelar sjølvsagt), kaffi, kake, helsingar

Vi håpar å sjå mange korpsmusikantar i kyrkja denne kvelden, og har to heilt spesielle utfordringar til skulekorpsa i Nordhordland:

  • Utfordring 1: Vi treng eitt eller fleire skulekorps, som kan spele ein marsj eller to utanfor kyrkja når gjestene kjem.  Kven tar utfordringa?
  • Utfordring 2: Vi ønskjer å avslutte konserten med «Circle of Life», og håpar flest mogleg kan ta med seg instrumenta sine og delta i avslutninga.

Tar du ei av utfordringane? Gi ei tilbakemelding til kultursjef Øyvind Stang på e-post stoy@lindas.kommune.no eller mobil 474 62 168.

Ønskje du å bidra med ei helsing? Sei ifrå om dette også, slik at vi kan få det med i programmet.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Det blir garantert stappfullt i kyrkja denne kvelden. Sidan førstemann til mølla-prinsippet gjeld, ver tidleg ute for å sikre deg og dei andre i korpset ditt ein god plass!

Trykk her for å følgje arrangementet på Facebook.

Trykk her for å lese meir om konserte i Avisa Nordhordland.

Web levert av CustomPublish