Etablerarprøven

Kven kan ta prøven?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøven. Du som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad og servere mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etablerarprøven.

Kva er pensum?

vinn.no kan du kjøpe læremateriell: pensumhefte, nettkurs og «test deg sjølv».

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner.

Kor tar du prøven?

I 2. etasje i NAV-bygget hos eining for helsetenester.

Adresse: Kvernhushaugane 2

Gjennomføring av prøven

  • Ta kontakt med Ingunn Øvretveit på telefon 56 37 54 88 for å avtale tid.
  • Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førerkort eller bankkort med bilde som gyldig dokumentasjon.
  • Prøven er ein fleirvalgsprøve på 90 minutt. Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøven er på norsk. Det er ikkje mogleg å ha med tolk eller bruke ordbok. Du har lov til å ta med og bruke reine lov- og forskriftstekstar.

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Dyslektikarar kan ta etablerarprøven munnleg. Dette krev legeattest.
  • Er du svaksynt, lam, har nedsatt hørsel eller andre utfordringer legg vi til rette langt det lar seg gjøre. Dette må du i så fall avtale med oss på forhand.

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong.

Vi sender faktura til deg etter at du har tatt prøven.

Utsteding av prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. 

Web levert av CustomPublish