Branntryggleik i landbruksbygning

Kvart år døyr mange dyr i landbruksbrannar. Store verdiar går tapt.

Over 70 prosent av alvorlege brannar i landbruket kjem av elektrisitet, anten feil på elektriske anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Kven har ansvar for kva?

  • For nyinstallerte elektriske anlegg er det installatør som har ansvaret for å levere eit feilfritt anlegg etter forskrifta.
  • Det er eigar som har ansvar for å sørgje for vedlikehald av anlegget. Det meste av arbeidet må gjerast av godkjend elektroinstallatør.
  • Det er avgrensa kva arbeid ein kan gjere på det elektriske anlegget utan å ha spesielle offentlege sertifikat. Det meste av arbeidet må derfor gjerast av offentleg godkjende elektroinstallatørar.
  • Tilsyn skal gjennomførast av det lokale elektrisitetstilsynet. Eit slikt tilsyn fritek ikkje eigar for ansvar for vedlikehald. 

Klikk her for å lese meir om el-anlegg og brannar i landbruket på Landbrukets brannvernkomité si heimeside

Web levert av CustomPublish