Dørstokkstrilen

Bli meir aktiv – heilt gratis!

Bur eller jobbar du i Lindås kommune? Vi vil hjelpe deg opp av sofaen og gi deg motivasjon til å bli meir aktiv! Tar du utfordringa?

«Sykle til jobben» er ein landsdekkande aksjon, der målet er å lokke deg og vennene dine til å kome i form. Aksjonen startar 19. april og varar til 17. juni, men målet vårt strekkjer seg mykje lengre.

– Vi ønskjer å motivere alle som bur og jobbar i Lindås kommune til å bli meir aktive, og har kjøpt eit abonnement som gjer at alle kan melde seg på «Sykle til jobben» - heilt gratis. Målet er at aksjonen skal gi folk smaken på det aktive livet. Å vere fysisk aktiv er ei god investering. Det gir betre helse, overskot og godt humør, seier folkehelsekoordinator, Hilde Hauge.

At aksjonen har sykkel i namnet, betyr ikkje at dette berre er ein sykkelaksjon. Tvert imot.

– Du kan registrere all aktivitet, anten det er ein padletur, ei økt på treningsstudio eller ein tur i skogen med familie eller kollegaer, fortel Hilde.

Alle over 15 år, som bur og jobbar i Lindås kommune, kan melde seg på aksjonen.

– Vi oppmodar folk til å danne lag på arbeidsplassen sin, og gjerne utfordre andre til å gjere det same, seier Hilde.

Slik melder du deg på:

  1. Gå til: http://www.sykletiljobben.no/
  2. Trykk på lenka for påmelding
  3. Velg om du skal melde på eit bedriftslag eller berre deg sjølv
  4. Trykk på L og leit fram Lindås kommune i lista
  5. Dersom du ikkje bur i kommunen, bruk jobbadressa di – slik at det blir gratis for deg å delta
  6. Sett i gang!
Web levert av CustomPublish