Vil du rydde ei strand? Gå til ngir.no for å registrere området du ønskjer å gjere ein innsats på.

Vil du rydde ei strand? Gå til ngir.no for å registrere området du ønskjer å gjere ein innsats på.

Strandryddeaksjon 6. mai

Vi inviterer lag og organisasjonar og enkeltpersonar til ryddedugnad! Sommaren står for døra. Lat oss gå saman om å gjere Lindås kommune til ein endå trivlegare plass å vere.

Vi startar dugnaden med den landsdekkande strandryddeaksjonen 6 mai 2017, og håpar du ønskjer å delta – anten åleine, ilag med naboane dine eller eit lag du er medlem i.

Slik kan du delta

Dugnaden er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen i Lindås kommune og renovasjonsselskapet vårt NGIR. For å få ei oversikt over kva område som er rydda, ønskjer vi at alle som deltar på dugnaden registrerer seg først.

Trykk her for å registrere området du ønskjer å rydde.

Når du har registrert deg, tar Frivilligsentralen i Lindås kommune kontakt med deg og lagar ein avtale for levering eller henting av utstyr til ryddinga.

Har du spørsmål om aksjonen?

Ta kontakt med Per Ole Ekker, dagleg leiar i Frivilligsentralen.

Web levert av CustomPublish