Bli med på verdas største klimakampanje - EARTH HOUR.
earthour2010.jpg

Neste toppmøte skjer heime hos deg - slukk lyset ein time laurdag 27. mars frå kl. 20.30. La satellittbileta syne at vi er opptekne av miljø og klodens velferd.

Publisert av Aarland, Ole Jakob. Sist endra 05.03.2010

Laurdag den 27. mars kl. 20.30 skal byar, verksemder, organisasjonar og einskiltmennesker over heile verda sløkke lyset i éin time for klimaet. Earth Hour er den største klimakampanjen nokon gong. I år er målet ein milliard deltakarar.

I 2009 gjennomførte WWF-Norge Earth Hour for første gong - det vart ein landsdekkande dugnad med fantastisk suksess! 1,7 millionar nordmenn over 15 år, 107 kommunar, 201 bedrifter, 120 organisasjonar/ verksemder og over hundre skoler deltok. Alt dette førte til at "heile" Norge sløkte lyset den 28. mars 2009.

Vi i Lindås kommune kan hjelpe til i denne markeringa også i 2010. Slå av lyset på arbeidsplassen, dersom dette er mogleg. Er du i heimen, skru av det elektriske lyset kl. 20.30 - 21.30.

La deg bli inspirert til å bli med. Skru opp lyd på pc'en din og spill av filmen: