Laurdag den 27. mars kl. 20.30 skal byar, verksemder, organisasjonar og einskiltmennesker over heile verda sløkke lyset i éin time for klimaet. Earth Hour er den største klimakampanjen nokon gong. I år er målet ein milliard deltakarar.
I 2009 gjennomførte WWF-Norge Earth Hour for første gong - det vart ein landsdekkande dugnad med fantastisk suksess! 1,7 millionar nordmenn over 15 år, 107 kommunar, 201 bedrifter, 120 organisasjonar/ verksemder og over hundre skoler deltok. Alt dette førte til at "heile" Norge sløkte lyset den 28. mars 2009.
Vi i Lindås kommune kan hjelpe til i denne markeringa også i 2010. Slå av lyset på arbeidsplassen, dersom dette er mogleg. Er du i heimen, skru av det elektriske lyset kl. 20.30 - 21.30.
La deg bli inspirert til å bli med. Skru opp lyd på pc'en din og spill av filmen: