Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
_
_
Lindås kommune
Besøk:Kvernhusmyrane 41
Kvernhusmyrane 20
5914  Isdalstø
 
E-post : postmottak@lindas.kommune.no
 
 
Telefon : 5637 5000
Faks : 5637 5001
Org.nr. : 935 084 733
Kontonr. : 6501.06.91790
Kommunenr. : 1263
_
Opningstid : 08:00 - 15:30
Kommunevåpen og kommuneflagg

Kommunevåpenet – Lindås kommune

Kommunevåpenet til Lindås vart godkjent ved kongeleg resolusjon 4.mai 1997, med definisjonen:
På raud grunn eit sølvlindetre.

Kommunevåpenet til Lindås er teikna av Magnis Herdeland i 1978.

Publisert av Lindås kommune. Sist endra 21.12.2009

I samme resolusjon vart det også fastsett at kommuneflagget til Lindås skal vera:
På raud grunn eit kvitt lindetre.

Namnet Lindås tyder stad kledd med lind. Fram gjennom tida har namnet vore skrive på ulike måtar. Eldre namneformer;
LINDIASE (1315)
LINDEASS SKIPREIDA (1389)
LINDASS (1349)
LINDIASS

Ordet lind er av indoeuropeisk opphav, men det er usikkert kva det tyder. Ordet kan ha samanheng med den viktigaste nytten folk har tatt av treet, lindebasten. Den vart nytta som linder rundt leggane, til dømes når det var snø. I Eddadiktinga førekjem lind i tydinga skjold, ettersom vikingane sine skjold vart laga av lindetre.

I mellomalderern vart lind sett på som eit heilagt tre, og vart mykje nytta stil utskjering av helgenbilete.

I germansk mytologi har lind posisjon på line med eik og ask. Medan menn ofra til eiketre for å verta fruktbare, vende kvinnene seg til lindetre i same ærend.


Det er fastsett vedtekter for bruk av kommunevåpenet. Andre enn Lindås kommune kan ikkje nytta kommunevåpenet utan særskild godkjenning frå kommunen.

Levert av ACOS AS
Lindås kommune Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø      5637 5000 e-post