Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
_
_
Lindås kommune
Besøk:Kvernhusmyrane 41
Kvernhusmyrane 20
5914  Isdalstø
 
E-post : postmottak@lindas.kommune.no
 
 
Telefon : 5637 5000
Faks : 5637 5001
Org.nr. : 935 084 733
Kontonr. : 6501.06.91790
Kommunenr. : 1263
_
Opningstid : 08:00 - 15:30
Planar generelt

Alle planar har relasjon til andre planar, og kommuneplanen er gjerne rota til det meste. Ei setning i kommuneplanen om t.d. bustader til økonomisk vanskeligstilte innbyggjarar kan føra til utarbeiding av bustadpolitisk handlingsplan som igjen inneheld tiltak som dei folkevalde må setja av midlar til i økonomiplanen.

Publisert av Aarland, Ole Jakob. Sist endra 02.09.2010

1) Kommuneplanen står i ei særstilling ved at den omhandlar målsetjingar for mange politikkområde (langsiktig strategi) samstundes som den synar korleis areala i kommunen skal nyttast. Kommuneplanen vert fornya (ofte kaldt rullering) kvart 4. år.
Elles er det tre hovudkategoriar av planar i kommunen:

1) Kommunedelplanar (hovudplanar) gjeld spesifikke politikkområde som kommunen sin bustadpolitikk, sosialpolitikk, næringspolitikk, miljøpolitikk osb. Planane vert fornya (rullert) med jamne mellomrom - gjerne kvart 2. eller kvart 4. år.

2) Areal- og reguleringsplanar
Alt areal i kommunen er sett av til eit føremål som bustader, næring, offentleg verksemd eller LNF (landbruk, natur og fritid). Dette finn du i arealdelen i kommuneplanen eller kommunedelplanar som t.d. planen for Knarvik, Isdal, Alver.

I tillegg fins det ei rekkje meir detaljerte reguleringsplanar for einskilde område som syner t.d. korleis eit areal sett av til bustadtomter skal nyttast - vegløysing, leikeplass og anna friareal, bygningsmasse osb.

Nær alle areal- og reguleringsplanar i kommunen er samla i BraPlan. Du kan og nytte nordhordlandskart.no som innfallsport til slike planar. (Finn t.d. gards- og bruksnummer i matrikkelen der.)

3) ØkonomiplanØkonomiplanen for Lindås kommune vert rullert kvart år, og synar i detalj korleis midlane skal skaffast og nyttast kommande år (budsjett). Planen skisserer og korleis inntekter og kostnader/prioriteringar kan verte dei påfølgjande 3 åra.

Økonomiplanen inneheld
-- investeringsbudsjett: plan som gjeld større investeringar som t.d. bygging av skular, kjøp av bustader, tilrettelegging av industriområde.-- driftsbudsjett: plan som gjeld drift av kommunen som t.d. oversyn over forventa skatteinntekter, midlar til kulturføremål, løn til tilsette, straum til offentlege bygg.

Planprosess
Prosessane ved utforming/rullering av kommuneplanen, kommunedelplanar og regulerings-/utbyggingsplanar er bestemt i Plan- og bygningslova (Pbl). Desse skal m.a. sikre at innbyggjarar og andre skal få høve til å setja seg inn i kva som skjer og gje dei høve til å komme med innspel eller gje uttale til planforslaga. Også andre planar som i utgangspunktet ikkje er regulert i Pbl kan få status som kommunedelplan og dermed følgje same prosess.

Levert av ACOS AS
Lindås kommune Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø      5637 5000 e-post