|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Lindås kommune
|
|
Besøk:Kvernhusmyrane 41
|
|
Kvernhusmyrane 20
|
|
5914
Isdalstø
|
 |
|
Telefon
|
:
|
5637 5000
|
|
Faks
|
:
|
5637 5001
|
|
Org.nr.
|
:
|
935 084 733
|
|
Kontonr.
|
:
|
6501.06.91790
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1263
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
08:00 - 15:30
|
|
|
|
|
Eining for teknisk drift vart etablert 1. januar 2007 og omfattar tenestene for brannvern, vatn, avløp og veg. Einingsleiar er Arne Eikefet, som held til på rådhuset i Knarvik. Sentralbord: 56 37 50 00 e-post: arne.eikefet@lindas.kommune.no
Brannvernet Brannvernet er leia av brannsjef Gjert Holtan og held til i Brannstasjonen tvers overfor Shellstasjonen i Knarvik. Brannvernet har følgjande avdelingar og oppgåver;
Lindås og Meland Brannvern (LMB) er dei som har døgnkontinuerlig beredskap og rykkjer ut for å redde liv og verdiar ved brann og ulykker av alle slag.
Nordhordland og Gulen interkommunale brannførebyggjande avdeling ( NGIB) driv tilsyn med større bygg og held brannførebyggjande motivasjons- og informasjonsarbeid i 8 kommunar.
Feiaravdelinga driv skorsteinsfeiing og brannførebyggjande tilsynsarbeid i bustadane i Lindås og Meland.
Vatn og avløp Vatn og avløp (VA) har administrasjon på Rådhuset og driftsavdeling lokalisert like ved Kiwi-butikken på Ikenberget. VA byggjer og har ansvaret for drifta av dei kommunale vatn- og avløpsanlegga i Lindås kommune. VA har døgnkontinuerlig vakt. VA sørgjer for at du som brukar får trygt og godt og nok vatn i springen. Dersom du er tilknytt kommunal kloakk, tek VA hand om vekktransport og handsaming av kloakken. Dersom du har privat septiktank (slamavskiljar) er minimumstømminga organisert av VA.
Veg Veg har administrasjon på Rådhuset og har driftsavdeling med verkstad i underetasjen på Nordhordland Transportkontor sitt bygg bak Statoilstasjonen i Knarvik. Veg har ansvaret for drifta av det kommunale vegnettet i Lindås. I tilegg ligg kommunale kaiar og fartsregulerande tiltak i ein del sjøleier inn under Veg. Verkstaden er ein ressursbase også for mange andre einingar, mellom anna Pleie- og Omsorg, der verkstaden har det praktiske tilsynet med den store bilparken. Veg har døgnkontinuerlig vakt via vakthavande befal i brannvernet.
|
|
|
|