|
|
|
|
Oversikt over verksemder relatert til Lindås kommune
Lindås kommune eig, er medeigar i eller har eit sterkt samarbeid med ei rekkje verksemder for å dra nytte av særskild kompetanse for utøving av ymse tenestar eller rett og slett nytta stordriftsføremonar ved å la verksemda tilby tenestene til ein marknad som er større enn kva Lindås kommune sjølv etterspør.
Relaterte verksemder
 Publisert 12.10.2007
 Publisert 14.03.2008
 Publisert 14.03.2008
Mongstad Vekst AS er eigd av StatoilHydro, Mongstad Eiendom (hvor Frank Mohn AS eig 50%) , Lindås kommune, Austrheim kommune og Nordhordland Handverk- og Industrilag.
 Publisert 12.09.2007
Lindås Tomteselskap AS er eigd av Lindås kommune.Tomteselskapet skal driva etter forretningsmessige prinsipp, men samtidig vera bevisst sitt samfunnsansvar som handlingsorgan for kommunen sin arealpolitikk.
 Publisert 14.03.2008
Knarvik Industri og Miljø AS (KIM) er ei VTA-verksemd (Varig Tilettelagd Arbeid), og skal utvikla og skapa menneskeleg vekst. KIM vart kommunalt AS i 1991.
Fram til da var verksemda ein del av det fylkeskommunale tilbodet for psykisk funksjonshemma.
 Publisert 14.03.2008
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKAH) er eit interkommunalt selskap som er eid av alle kommunane i Hordaland, med unnatak av Bergen. Selskapet tilbyr tenester til eigarkommunane innan dokument- og arkivbehandling. Dette omfattar ml.a. rettleiing i arkivplanarbeid og andre arkivdanningsspørsmål, depotteneste for elektronisk arkiv og papirarkiv, ordning av eldre arkiver, kurs og rettleiing i andre arkivrelaterte emne.
 Publisert 14.03.2008
Hordaland Olje og Gass (HOG) er den øverste interesseorganisasjonen for petroleumsvirksomheten i Hordaland.
HOG er en medlemsorganisasjon som skal ivareta Hordalands samlede interesser innen olje- og gassvirksomheten og samtidig bidra til å gi regionen ny styrke til å møte utfordringene innen petroleumsbransjen i årene som kommer.
 Publisert 14.03.2008
BKK vart stifta 2. juni 1920 av Bergen og elleve omlandskommunar. Hovudaktivitetane er produksjon, omsetning og transport av elektrisk kraft.
 Publisert 14.03.2008
Bergen og Omland Havnevesen (BOH) er i dag ei interkommunal verksemd eigd av 11 kommunar; Bergen, Askøy, Austrheim, Fedje, Fjell, Lindås, Meland, Os, Radøy, Sund og Øygarden, og av Hordaland fylkeskommune.
 Publisert 14.03.2008
Bergen og Omland Friluftsråd er eit interkommunalt samarbeidsorgan som har til oppgåve å sikre, tilrettelegge og stå for dagleg drift av bade- og friluftsområde i Bergensregionen.
|
|
|
|