Kommunen ved rådmannen og NAV ved fylkesdirektøren har inngått ein samarbeidsavtale som seier kva kommunale tenester kontoret skal tilby.
På NAV Lindås er det 32 personar som har som oppgåve å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen som best vi kan. Kommune og stat har framleis ansvar for sine tenester, sjølv om vi leverer dei frå same stad.
På NAV Lindås skal du finne statleg tenestetilbod og rettleiing innan område som dagpengar og arbeidsløyse, oppfølging av arbeidsledige og dei som har vanskar med å finne seg jobb, tiltak og trygder, familie- og pensjonsytingar, oppfølging av sjukemeldte, oa. innan det kommunale området kan vi hjelpe med økonomisk sosialhjelp, gjeldsrådgiving, råd og rettleiing i vanskelege livssituasjonar, kvalifiseringsprogrammet for dei som har store vanskar med å komme i arbeid og aktivitet, rusvern og innsøking til behandling og oppfølging i samband med dette, midlertidig husvære i akutte situasjonar, busetting og introduksjonsprogram for flyktningar.
I tillegg har Arbeids- og velferdsetaten over hundre spesialeiningar som utfører oppgåver som avlastar NAV-kontora som ligg i kommunane. Det er mange oppgåver som er flytta frå tidlegare trygdekontor til andre einingar. Dette skal gi rom lokalt for betre oppfølging av enkeltbrukarar ut frå deira individuelle behov, istadenfor å ha ansvar for utbetalingar og problemstillingar som lettare kan løysast gjennom post, telefon eller gode dataløysingar.
Kundetelefonen 815 81 000 kan gi svar på dei fleste spørsmål som gjeld rettar og saker innan det statlege området, og kan også gi svar om utbetalingar og saksgang i den enkelte saka. Du finn også mykje informasjon om dei statlege ordningane og regelverket på www.nav.no
Gjeldstelefonen 800 45 353 (800GJELD) kan gi økonomisk rådgiving og rettleiing til den som er i ferd med å få betalingsvanskar.
Krav om reise og helserefusjonar blir ikkje handsama av NAV kontoret lenger , men skal gå via helseforvaltninga slik at ein slepp å oppsøke fleire instansar for å få refundert utgifter ein har krav på. Skjema for reiser får du hos din lege/ behandlar eller ved å gå inn på pasientreiser.no, spørsmål kan rettast til tlf 05515.
På nav.no kan du sjå dei nye reglane om alderspensjon, og berekna utbetalingar via Din Pensjon. Søkjer du arbeid kan du registerer deg på Din side via same link.
Hovedmåla til NAV er fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad ein velfungerande arbeidsmarknad rett teneste og stønad til rett tid god sørvis tilpassa brukarane sine føresetnader og behov ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning .
NAV Lindås har lokale i Knarvik senter, 4. høgda i Nordbo-bygget.
Vi har opningstid frå 09-15, men torsdag er opningstida 10-15.
Tlf. 815 81 00, eller send via epost. Postadresse er : NAV Lindås, Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø.
"VI GIR MENNESKER MULIGHETER! "