HeimAktueltNyheiterNy kommune = nytt kommunenummer

Ny kommune = nytt kommunenummer

Sjekk om du får nytt gardsnummer på eigedomen etter 1. januar 2020.
Publisert: 06.11.2019
Sist endra: 06.11.2019

311 kommunar får nytt kommunenummer 1. januar 2020. Dette krev store endringar i matrikkelen og grunnboka.

Det nye kommunenummeret til Alver kommune er 4631 og innan den nye kommunen må gardsnummera vera unike.

Slik vert gardsnummera i Alver

  • Lindås kommune skal behalda alle sine gardsnummer slik dei er i dag.
  • Meland kommune skal plusse 300 på sin serie. Gardsnummer 45 blir til gardsnummer 345 i Alver kommune. Dette gjeld alle gardsnummer med eitt unntak: Flatøy som i dag har gardsnummer 1, skal ikkje plusse på 300 – men behalde gardsnummer 1.
  • Radøy kommune skal plusse 400 på sin serie. Gardsnummer 45 blir til gardsnummer 445 i Alver kommune.

Stenger matrikkelen og grunnboka

For å sikre at endringane for Alver og alle dei andre kommunane, blir gjort på ein trygg og god måte, vert matrikkelen og grunnboka stengt for oppdatering på slutten av året.

Kartverket stenger Matrikkelen frå og med fredag 13. desember klokka 18.00 til og med 2. januar 2020. Kommunen bør senda sine siste saker inn til tinglysing innan 29. november.

Grunnboka vert stengt frå fredag 27. desember klokka 20.00 til og med 2. januar 2020.

Stenginga gjeld alle kommunane i Noreg, ikkje berre kommunar som skal slå seg saman.

Det vert ingen føring i matrikkelen i dette tidsrommet, det vil seie ingen endringar av eigedomar, bygg eller adresser. Det vert heller ingen føring av eigenfråsegn om konsesjonsfridom.

Kva er matrikkelen?

Matrikkelen er Noregs offisielle eigedomsregister med informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygg, bustader og adresser. Alle eigedomar er registrert med sitt unike nummer, kalla matrikkelnummer. Matrikkelnummeret består av kommunenummer, gardsnummer, bruksnummer og eventuelle feste-/seksjonsnummer.

Kva er grunnboka?

Grunnboka er eit offentleg register over tinglyste rettar og hefte knytt til eigedom, til dømes vegrett eller forkjøpsrett.